Ei God og Riktig jul!

Roalds bilde

Her om dagen hadde eg litt kommunikasjon på mail med Aril Svartdahl (sjefen på Lederskolen). I signaturen sin hadde han ei helsing som sette tankane i sving: Med ønske om en God og Riktig Jul

Akkurat - Det beskriv jula slik eg ynskjer den. At den ikkje berre vert riktig god, men også god og riktig!

Etter ein haust med økonomisk turbulens i vår del av verda, står det veldig klårt for meg at vår verkelege rikdom ikkje ligg i det me eig og har. Ikkje misforstå - eg er veldig takknemleg for at me har det så godt materielt sett. Problemet er berre at det så lett tar fokuset vekk frå verkelege verdiar. Her er det stress-shopping, "lurer på om denne presangen er god nok", "ja, ja, det er no byttekort med". "Ola får presang til 1000 kroner, men Kari får berre til 900 - kva skal eg finne på ekstra til Kari så ho blir fornøgd?" Så er verset me skreiv i minnebøkene til kvarandre då eg var liten
Den største gleda du kan ha
det er å gjera andre glad

forsvunne i kjøpeiver, eller kanskje helst kjøpepress.

Det skulle vera godt å legge dette til side eit år eller to - eller kanskje for alltid. Og kanskje heller fokusera på å gjera dei rundt oss glad med utradisjonelle presangar som heller viser omtanke enn kjøpekraft. Kona mi har forresten forstått dette lenge. Ho funderer litt heile året gjennom og plukkar opp hint i ny og ne om ting eller tenester som kunne gjera dei rundt henne glad. Så når november kjem er det meste som regel i boks. Eg trur at for henne er det dette som er gleda med julepresangane - gleda ved å gje noko som betyr noko både for den som gjev og den som får.

Så altså - eg ynskjer deg ei God og Riktig Jul. At Jesus blei fødd er det aller beste med jula. Eg tør ikkje ein gong tenkja på korleis verda vår hadde sett ut viss ikkje Gud hadde pønska ut og gitt oss den presangen